Ny fylkeskontakt i Rogaland
Møt Birgit S. Hagalid - vår nye fylkeskontakt i Rogaland.
Kvinner i Skogbruket har en demokratisk oppbygging med mulighet for lokal lag og styrer.
I Rogaland har det i en periode vært stille rundt lokallaget, men nå er ny fylkeskontakt på plass.
Vi er glade for at Birgit S. Hagalid fra nå av er nytt kontaktpunkt for både medlemmer lokalt og vårt sentrale ledd.
Vi har tatt en liten prat med Birgit!
-Hei Birgit - hvordan står det til i Rogaland i dag?
-Jo, takk, bare bra. Me er midt i lemminga, så det er hektiske dagar. Men også veldig givende.
Me har 70 vinterfora søyer som skal lemme, og så langt har omkring en tredjedel av dei fått lam. Så no er det full rulle i fjoset! Me er seinare ute med lemming enn dei fleste andre. Det er fordi garden ligg oppe i høgda og me ynskjer at beitet skal vere klart når me slepp dei ut.
-Så du driver en gard?
-Je, eg overtok heimegarden hausten 2020. Den ligg i Hjelmeland kommune, som er en del av Ryfylke i Rogaland. Eg driv med juletreproduksjon og tradisjonelt skogbruk. I tillegg har mor mi gardsturisme gjennom kunstgalleri og kafé på tunet. Her trives eg kjempegodt med flott natur, god plass og eit aktivt skogbruk
-Stikkord skogbruk; er du utdannet innen skogbruk?
Ja, det er eg. I 2017 gjorde eg ferdig masterstudie i skogbruk på NMBU, og som nyutdanna fekk eg jobb på Skogfrøverket (Stiftelsen Det norske Skogfrøverk) på Hamar. Ein spanande oppgåve for ein nyutdanna person med interesse for plantevitenskap og skogbruk. Men eg ynskja meg tilbake til Vestlandet med fjord og fjell, og no er eg så heldig å kunne drive eigen gard i heimbygda samtidig som eg jobbar hjå Statsforvaltaren.
-Hva slag arbeidsoppgaver har du hos Statforvalteren?
- Eg jobbar med vidareutvikling av skogressursane i fylket som i praksis betyr å jobbe med investeringar i ny skog som planting og skogskjøtsel. Me ser også på utvida bruk av skogressursane våre med tanke på størst mogleg verdiskaping og klimanytte, som bruk av tre i offentlege bygg og bioenergi til oppvarming.
- Og utenom jobb, hva interesserer deg og gjør deg glad, Birgit?
-Utanom arbeidet er eg glad i natur og friluft, men også handarbeid, kunst og kultur. Draumen min er å kombinere interessane i ein heiltidsjobb på garden med jordbruk, skogbruk og gardsturisme i ein eller annan form.
Men no gleiar eg meg til å bli meir involvert i arbeidet til Kvinner i skogbruket! Og å ta imot alle lamma. Det er verkeleg vårens vakraste eventyr!
Kvinner i Skogbuket gleder seg definitivt over å få Birgit med på laget. Ung og energisk og med hjerte for skog og bruk av skog.
Er DU medlem i Kvinner i Skogbruket eller har lyst å bli det? Du Melder deg enkelt deg inn via vår nettside www.kvinneriskogbruket.no . Ved å opprette bruker og passord få tilgang til MinSide i vårt nye CRM-system, og kan administrere medlemskapet ditt.